NIB si utfordring denne månaden, handlar om tanken om at ein kan sjonglere mellom det ein må, bør og vil. Kva vil du? Korleis har du det? From within... Dette blir litt spesielt for meg, sidan bloggen og interessa mi for interiør, fungerar som ei slags livsline. Eg må bruke den energien eg har på det viktigaste. I løpet av desse fem åra med ryggplager, har eg blitt ganske god på å sjå kva som er viktig eller ikkje. Det handlar om livskvalitet. Men midt oppi alle desse mindre kjekke tinga i livet mitt, har ein interiørstil kome til syne. Min signaturlook. Eg er ikkje interessert i å kopiere andre, sjølv om eg nok gjer det ubevisst. For vi får tips av kvarandre i bloggverda, og plukkar til oss ulike uttrykk og setjer dei saman til vår eigen frodige bukett. Eg får stadig tilbakemeldingar om at folk kjenner igjen bilda mine, og det kan vel vere eit teikn på at eg har klart å skape noko eige? Ikkje berre i interiøret, men også fotografisk? Eg var i tvil om kva eg skulle vise frå huset for å vise min stil. Men sidan eg akkurat har rydda og ordna kroken ved peisen, får denne staden bli mitt bidrag i januarutfordringa. For fleire bidrag gå inn til NIB HER! Elin