Har lyst å skryte i dag, uten å få betalt for det! Sengesetta eg kjøpte frå By Nord, trur det måtte vere i februar 2011? Dei er akkurat like fine! Har vore brukte på soveromma til ungane nesten uten stopp. Dei har vore vaska og tromla utallige gongar. Glidelåsa nederst fungerer heilt perfekt. Akkurat no har dei vaksne i huset gleda av å låne dei. Kjempegode å sove i også. Vil takke alle som har vore innom siste veka, både her, på FB og Instagram. Veldig kjekt å vere tilbake! Eg håper forma og inspirasjonen vedvarer framover hausten! Thank you all for visiting me, here, on FB & Instagram! Takk for følget, og ha ei kjempefin ny veke! Elin